15 Men levittprestane av Sadok-ætta, som tok seg av tenesta i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og tena meg. Dei skal stå for mitt andlet og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.
16 Dei skal gå inn i min heilagdom, og dei skal stiga fram til mitt bord og tena meg. Slik skal dei gjera teneste for meg.
17 Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i tempelet.
18 Turbanar av lin skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje binda om seg noko som gjer at dei sveittar.
19 Når dei så går ut i den ytre føregarden, føregarden der folket er, skal dei ta av seg dei kleda dei gjorde teneste i, og leggja dei i dei heilage romma. Dei skal ta på seg andre klede så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.
20 Prestane skal ikkje barbera hovudet, heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klippa det.
21 Ingen av prestane må drikka vin når dei kjem inn i den indre føregarden.