2 Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd. Han skal ikkje opnast, og ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten, difor skal han vera stengd.
3 Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens andlet. Han skal gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.
4 Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor tempelet. Eg såg, og sjå! – Herrens herlegdom fylte Herrens hus. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.
5 Herren sa til meg: Menneske, sjå med auga, høyr med øyra og legg hjartet ditt i alt det eg seier deg om alle forskriftene og lovene for Herrens hus. Legg merke til inngangen til huset og alle utgangane frå heilagdomen!
6 Du skal seia til det trassige Israels hus: Så seier Herren Gud: Nok no med dei avskyelege gjerningane dykkar, Israels hus!
7 De lét framande, uomskorne på både hjarte og lem, koma inn og vera i min heilagdom. Slik vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta mi med alt det avskyelege de gjorde.
8 De tok dykk ikkje av tenesta med dei heilage tinga mine, men sette andre til å gjera teneste i heilagdomen i dykkar stad.