20 Prestane skal ikkje barbera hovudet, heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klippa det.
21 Ingen av prestane må drikka vin når dei kjem inn i den indre føregarden.
22 Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei skild kvinne, men berre med møyar av Israels hus. Men dei kan ta enkja etter ein prest.
23 Dei skal læra folket mitt skilnaden mellom heilagt og ikkje heilagt og forklara dei skilnaden mellom ureint og reint.
24 I rettssaker skal dei stå fram som dommarar; dei skal dømma folket etter mine bod. På alle mine høgtider skal dei følgja mine lover og forskrifter, og dei skal halda mine sabbatsdagar heilage.
25 Ein prest må ikkje gå inn til døde så han blir urein. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine.
26 Etter at presten har vorte rein att, skal dei telja sju dagar.