28 Dette er den arven dei skal ha: Eg er deira arv. De skal ikkje gje dei jordeigedom i Israel. Eg er deira eigedom.
29 Av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet skal dei eta, og alt som er lagt under bann i Israel, skal høyra dei til.
30 Det beste av all førstegrøde og alle offergåver de gjev, skal prestane ha. Det første av brøddeigen skal de gje presten. Då skal det kvila velsigning over huset ditt.
31 Men kjøt frå sjølvdaude eller ihelrivne fuglar eller dyr må ikkje prestane eta.