1 Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de setja av eit tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt stykke som heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det strekkjer seg.
2 Av dette skal eit firkanta stykke på fem hundre gonger fem hundre alner høyra heilagdomen til. Og femti alner omkring det skal vera beitemark.
3 Av heile området skal du måla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Der skal heilagdomen stå, det høgheilage.
4 Dette stykket er ein heilag del av landet. Det skal høyra til prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Det skal gje plass for husa deira og beitemark som høyrer heilagdomen til.
5 Eit jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal høyra til levittane, som er tempeltenarar. Der skal dei ha byar å bu i.