19 Presten skal ta noko av blodet frå syndofferdyret og stryka det på dørstolpane i tempelet, på dei fire hjørna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.
20 Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Slik skal de gjera soning for huset.
21 Den fjortande dagen i den første månaden skal de halda påske. Under sjudagarsfesten skal det etast usyra brød.
22 På den dagen skal fyrsten laga til ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.
23 Dei sju dagane festen varer, skal han laga til brennoffer for Herren, kvar dag sju oksar og sju vêrar utan feil, og som syndoffer ein geitebukk kvar dag.
24 Som grødeoffer skal han bera fram ein efa mjøl til kvar okse, ein efa til kvar vêr og ein hin olje til kvar efa.
25 Også under festen på den femtande dagen i den sjuande månaden skal han bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje, slik som på dei andre sju dagane.