7 Fyrsten skal ha land på begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei delane stammane får, frå grensa i vest til grensa i aust.
8 Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Då skal fyrstane mine aldri meir undertrykkja folket mitt, men overlata jorda til Israels hus, stamme for stamme.
9 Så seier Herren Gud: Nok no, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.
10 Bruk rette vektskåler og rett efa og bat!
11 Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.
12 Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.
13 Dette er offergåva de skal gje: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.