1 Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagane og nymånedagen skal han opnast.
2 Når fyrsten kjem utanfrå gjennom forhallen i porten, skal han stilla seg attmed ein av portstolpane. Medan prestane ber fram brennoffer og fredsoffer for han, skal han bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Porten skal ikkje latast att før om kvelden.
3 Folket i landet skal tilbe Herren ved inngangen til denne porten på sabbatane og nymånedagane.
4 Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lam utan feil og ein vêr utan feil.