10 Fyrsten skal gå inn saman med dei andre, og dei skal gå ut samtidig.
11 På festane og høgtidene skal grødeofferet vera ein efa til ungoksen, ein efa til vêren, til lamma det som er for handa, og ein hin olje til kvar efa.
12 Når fyrsten ber fram eit frivillig offer, anten det er eit brennoffer eller eit fredsoffer, eit frivillig offer for Herren, skal den austvende porten opnast for han. Han skal bera fram brennofferet eller fredsofferet sitt slik han gjer på sabbatsdagen. Så skal han gå ut, og porten skal latast att etter han.
13 Kvar dag skal du ofra eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer til Herren. Kvar morgon skal du ofra det.
14 I tillegg til det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa mjøl som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å blanda finmjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast og evig ordning.
15 Lammet, grødeofferet og oljen skal kvar morgon berast fram som eit dagleg brennoffer.
16 Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev nokon av sønene sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho høyra sønene hans til; dei får henne til odel og eige.