21 Så førte han meg ut til den ytre føregarden og rundt til dei fire hjørna. Og sjå, i kvart hjørne var det eit gardsrom.
22 I dei fire hjørna låg det slike små gardsrom, førti alner lange og tretti alner breie. Alle fire hadde same mål.
23 Det gjekk ein steinmur rundt kvar av dei fire, og det var bygd kokeplassar langs foten av muren.
24 Han sa til meg: «Dette er kjøkken der tempeltenarane koker slaktoffera for folket.»