6 På nymånedagen skal han ofra ein ungokse utan feil, seks lam og ein vêr utan feil.
7 Som grødeoffer skal han gje ein efa mjøl til ungoksen, til vêren ein efa og til lamma så mykje han har råd til, og ein hin olje til kvar efa.
8 Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.
9 Når folket i landet stig fram for Herren på høgtidene, skal dei som kjem inn gjennom nordporten for å tilbe, gå ut gjennom porten i sør, og dei som kjem inn gjennom sørporten, skal gå ut gjennom porten i nord. Dei skal ikkje gå ut att gjennom porten der dei kom inn, men gå ut på den andre sida.
10 Fyrsten skal gå inn saman med dei andre, og dei skal gå ut samtidig.
11 På festane og høgtidene skal grødeofferet vera ein efa til ungoksen, ein efa til vêren, til lamma det som er for handa, og ein hin olje til kvar efa.
12 Når fyrsten ber fram eit frivillig offer, anten det er eit brennoffer eller eit fredsoffer, eit frivillig offer for Herren, skal den austvende porten opnast for han. Han skal bera fram brennofferet eller fredsofferet sitt slik han gjer på sabbatsdagen. Så skal han gå ut, og porten skal latast att etter han.