13 Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israel-stammane. Josef skal ha to delar.
14 De skal ta det i eige, den eine like mykje som den andre. Med lyft hand lova eg å gje det til fedrane dykkar, og no skal landet falla på dykk til odel og eige.
15 Dette er landegrensene.I nord: frå Storhavet over Hetlon, Lebo-Hamat og Sedad,
16 Berota og Sibrajim – mellom Damaskus-området og Hamat-området – til Hasar-Enon ved Havran-området.
17 Grensa går frå havet til Hasar-Enon. I nord ligg områda til Damaskus og Hamat. Dette er nordgrensa.
18 I aust: mellom Havran og Damaskus, mellom Gilead og Israels-landet, er Jordan grensa heilt til sjøen i aust, til Tamar. Dette er austgrensa.
19 I Negev, mot sør: frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og vidare langs elveleiet til Storhavet. Dette er grensa i Negev, mot sør.