18 I aust: mellom Havran og Damaskus, mellom Gilead og Israels-landet, er Jordan grensa heilt til sjøen i aust, til Tamar. Dette er austgrensa.
19 I Negev, mot sør: frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og vidare langs elveleiet til Storhavet. Dette er grensa i Negev, mot sør.
20 I vest: Storhavet dannar grense til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestgrensa.
21 De skal dela dette landet mellom dykk, mellom stammane i Israel.
22 De skal dela det ut til eigedom mellom dykk sjølve og innflyttarane som held til blant dykk og har fått born blant dykk. Dei skal vera for dykk som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få utskift eigedom mellom stammane i Israel.
23 I den stammen der innflyttaren bur, skal de gje han eigedom, seier Herren Gud.