22 saman med eigedomen til levittane og eigedomen til byen, skal liggja mellom det som høyrer fyrsten til. Det som ligg mellom områda til Juda og Benjamin, høyrer fyrsten til.
23 Så dei andre stammane:Frå aust til vest: Benjamin, éin del.
24 Langs Benjamin-området frå aust til vest: Simon, éin del.
25 Langs Simon-området frå aust til vest: Jissakar, éin del.
26 Langs Jissakar-området frå aust til vest: Sebulon, éin del.
27 Langs Sebulon-området frå aust til vest: Gad, éin del.
28 Langs Gad-området, langs grensa i Negev, mot sør, skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj, langs elveleiet til Storhavet.