23 Så dei andre stammane:Frå aust til vest: Benjamin, éin del.
24 Langs Benjamin-området frå aust til vest: Simon, éin del.
25 Langs Simon-området frå aust til vest: Jissakar, éin del.
26 Langs Jissakar-området frå aust til vest: Sebulon, éin del.
27 Langs Sebulon-området frå aust til vest: Gad, éin del.
28 Langs Gad-området, langs grensa i Negev, mot sør, skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj, langs elveleiet til Storhavet.
29 Dette er det landet de skal fordela mellom stammane i Israel til odel og eige; dette er dei delane stammane skal ha, seier Herren Gud.