14 Eg gjer deg til ein ruinhaug og til spott for folkeslaga som bur omkring deg, og for alle som går forbi og ser deg.
15 Du skal bli til spott og hån, til skrekk og åtvaring for grannefolka, når eg held dom over deg med brennande vreide og flammande straff. Eg, Herren, har tala.
16 Når eg sender svolt inn mellom dykk som vonde piler, som er til for å øyda – dei eg sender for å øydeleggja dykk – då skal eg gjera svolten verre og verre for dykk. Eg skal bryta sund brødstaven hos dykk.
17 Svolt og rovdyr sender eg mot deg, dei gjer deg barnlaus. Pest og blod skal råka deg, og eg lèt sverd koma over deg. Eg, Herren, har tala.