3 Nokre få hår skal du ta unna og samla i kappefliken din.
4 Og du skal ta nokre av dei og kasta på elden og brenna opp. Derifrå skal elden spreia seg over heile Israels hus.
5 Så seier Herren Gud: Dette er Jerusalem. Midt mellom folkeslaga har eg sett henne, og omkring henne ligg det mange land.
6 Men ho trassa lovene mine og var verre enn dei andre folkeslaga, ho trassa forskriftene mine, verre enn landa omkring. For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine.
7 Difor seier Herren Gud: De har vore verre enn folkeslaga omkring dykk. For de følgjer ikkje mine forskrifter og held ikkje mine lover, de held ikkje eingong lovene til grannefolka.
8 Difor seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg òg over deg og held dom over deg framfor auga på dei andre folka.
9 Eg vil gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera, på grunn av alt det avskyelege hos deg.