2 Menneske, vend andletet mot fjella i Israel og tal profetord mot dei!
3 Du skal seia: Israels fjell, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Sjå, eg lèt sverd koma over dykk og gjer ende på offerhaugane.
4 Altara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara knusast. Og dei drepne slengjer eg ned framfor avgudane dykkar.
5 Lika av israelittane legg eg framfor avgudane og spreier knoklane rundt altara.
6 Kvar de så bur, skal byane leggjast i ruinar og offerhaugane bli forlatne, så altara dykkar blir lagde i ruinar og forlatne. Avgudane dykkar blir knuste og finst ikkje meir. Røykjelsesaltara blir hogne ned, og alt de har laga, sletta ut.
7 Dei drepne blir slengde midt mellom dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.
8 Men eg lèt ein rest bli att. Dei av dykk som har sloppe unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, de skal spreiast rundt om i landa.