1 Herrens ord kom til meg:
2 Du menneske! Så seier Herren Gud til Israels land:Enden kjem! Enden over dei fire verdshjørna.
3 No er enden over deg.Eg sender min vreide mot deg.Eg dømmer deg for di ferdog gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.
4 Eg viser inga medkjensleog sparer deg ikkje.Du skal få att for di ferd,og dei avskyelege gjerningane dineskal koma over deg sjølv.Då skal de kjenna at eg er Herren.
5 Så seier Herren Gud:Ulukke, ei ulukke utan like!Sjå, ho kjem.
6 Enden kjem, ja, enden kjem,han vaknar mot deg. Sjå, han er her,
7 lagnadstimen kjem over deg som bur i landet.Tida er komen, dagen er nær!Forvirring rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.