14 Dei blæs i horn og gjer alt klart,men ingen dreg ut i krig.For harmen min går ut over heile flokken.
15 Ute herjar sverdet, inne rår pest og svolt.Den som er på marka, må døy for sverd,og den som er i byen, han skal svolt og pest fortæra.
16 Dei som slepp unna, flyktar til fjells,som duer frå dalane.Dei skal alle klaga,kvar for si eiga synd.
17 Alle hender heng slappe,og alle kne blir som vatn.
18 Dei bind sekkestrie om seg,dei er kledde i redsle.I alle andlet er det skam,og alle hovud er glattraka.
19 Dei kastar sølvet på gataog reknar gullet som noko ureint.Verken sølvet eller gullet kan berga deipå Herrens vreidedag.Det stiller ikkje tørsten,det fyller ikkje magen.Men det har fått dei til å falla i synd.
20 I sitt hovmod har dei teke sine staselege smykkeog laga seg avskyelege og motbydelege gudebilete av dei.Difor gjer eg det ureint for dei.