17 Alle hender heng slappe,og alle kne blir som vatn.
18 Dei bind sekkestrie om seg,dei er kledde i redsle.I alle andlet er det skam,og alle hovud er glattraka.
19 Dei kastar sølvet på gataog reknar gullet som noko ureint.Verken sølvet eller gullet kan berga deipå Herrens vreidedag.Det stiller ikkje tørsten,det fyller ikkje magen.Men det har fått dei til å falla i synd.
20 I sitt hovmod har dei teke sine staselege smykkeog laga seg avskyelege og motbydelege gudebilete av dei.Difor gjer eg det ureint for dei.
21 Eg gjev det som rov i framande hender,til bytte for dei lovlause på jorda,og dei skal vanhelga det.
22 Når eg vender andletet bort frå dei,skal dei vanhelga min dyre skatt.Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han.
23 Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker,og byen er full av vald.