20 I sitt hovmod har dei teke sine staselege smykkeog laga seg avskyelege og motbydelege gudebilete av dei.Difor gjer eg det ureint for dei.
21 Eg gjev det som rov i framande hender,til bytte for dei lovlause på jorda,og dei skal vanhelga det.
22 Når eg vender andletet bort frå dei,skal dei vanhelga min dyre skatt.Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han.
23 Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker,og byen er full av vald.
24 Eg lèt dei verste folkeslaga koma og ta husa deira.Eg gjer ende på hovmodet til dei sterke,og heilagdomane deira skal vanhelgast.
25 Redsla kjem,dei søkjer redning, men finn henne ikkje.
26 Ulukke følgjer på ulukke,rykte på rykte kjem opp.Dei skal søkja syn hos profeten,det blir slutt på rettleiing frå prestenog på råd frå dei eldste.