2 Eg såg, og sjå! – ein som likna ein mann å sjå til. Frå det som såg ut som hoftene og nedover, var det eld, og frå hoftene og oppover såg det ut som ein stråleglans, som skinande metall.
3 Han rette ut noko med form som ei hand og tok tak i hårluggen min. I syn frå Gud lyfte ånda meg opp mellom jord og himmel og tok meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit bilete som gjorde Gud brennande sjalu.
4 Og sjå, der var herlegdomen til Israels Gud, som i synet eg hadde sett i dalen.
5 Han sa til meg: «Menneske, lyft auga mot nord!» Eg lyfte auga mot nord, og sjå! – ved inngangen, nord for altarporten, stod dette biletet som gjorde Gud sjalu.
6 Han sa til meg: «Menneske, ser du alt det avskyelege israelittane held på med her? Det driv meg langt bort frå min heilagdom. Men du skal få sjå noko som er endå meir avskyeleg.»
7 Så tok han meg med til porten som fører inn til føregarden i tempelet. Og sjå! – eit hol i veggen.
8 Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Eg braut meg gjennom veggen, og sjå! – ei dør.