4 Og sjå, der var herlegdomen til Israels Gud, som i synet eg hadde sett i dalen.
5 Han sa til meg: «Menneske, lyft auga mot nord!» Eg lyfte auga mot nord, og sjå! – ved inngangen, nord for altarporten, stod dette biletet som gjorde Gud sjalu.
6 Han sa til meg: «Menneske, ser du alt det avskyelege israelittane held på med her? Det driv meg langt bort frå min heilagdom. Men du skal få sjå noko som er endå meir avskyeleg.»
7 Så tok han meg med til porten som fører inn til føregarden i tempelet. Og sjå! – eit hol i veggen.
8 Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Eg braut meg gjennom veggen, og sjå! – ei dør.
9 Og han sa til meg: «Gå inn og sjå alt det vonde og avskyelege som dei driv med der.»
10 Eg gjekk inn. Eg såg, og sjå! – teikningar av krypdyr og kveg og alle Israels avgudar, motbydelege ting, var rissa inn overalt rundt om på veggene.