8 Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Eg braut meg gjennom veggen, og sjå! – ei dør.
9 Og han sa til meg: «Gå inn og sjå alt det vonde og avskyelege som dei driv med der.»
10 Eg gjekk inn. Eg såg, og sjå! – teikningar av krypdyr og kveg og alle Israels avgudar, motbydelege ting, var rissa inn overalt rundt om på veggene.
11 Framfor dei stod sytti mann av dei eldste i Israels hus, og midt mellom dei Jaasanja, son til Sjafan. Kvar av dei hadde ei røykjelsesskål i handa, og ein ange steig opp frå røykjelsesskya.
12 Då sa han: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, i romma der dei har gudebiletet sitt? Herren ser oss ikkje, seier dei, han har forlate landet.
13 Men du skal få sjå endå meir avskyelege ting som dei driv med», sa han til meg.
14 Så tok han meg med bort til den porten som fører inn i Herrens hus på nordsida. Og sjå, der sat kvinnene og gret over Tammus.