1 Han ropa høgt medan eg høyrde på: «Straffa over byen er nær! Kvar og ein må ha sitt øydingsvåpen i handa.»
2 Og sjå, frå Øvreporten, den som vender mot nord, kom seks menn, kvar med sitt drapsvåpen i handa. Ein av dei var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet. Dei kom og stilte seg ved sida av bronsealtaret.
3 Då lyfte herlegdomen til Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og flytte seg til dørstokken i tempelet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet.
4 Og Herren sa til han: «Gå gjennom Jerusalem by og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over alt det avskyelege der.»