4 Og Herren sa til han: «Gå gjennom Jerusalem by og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over alt det avskyelege der.»
5 Og til dei andre sa han så eg høyrde det: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned! Vis ikkje medkjensle, spar ingen.
6 Gamle, unge gutar og jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydda ut. Men rør ikkje nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med mennene, dei eldste, som stod framfor Herrens hus.
7 Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og hogg ned folk i byen.
8 Medan dei gjorde det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt det som er att av Israel, sidan du auser ut din harme over Jerusalem?»
9 Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fylt av blod, og byen er full av urett. For dei seier: Herren har forlate landet; Herren ser ikkje noko.
10 Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller spara dei. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eige hovud.»