7 Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og hogg ned folk i byen.
8 Medan dei gjorde det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt det som er att av Israel, sidan du auser ut din harme over Jerusalem?»
9 Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fylt av blod, og byen er full av urett. For dei seier: Herren har forlate landet; Herren ser ikkje noko.
10 Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller spara dei. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eige hovud.»
11 Mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet, kom tilbake og sa ifrå: «Eg har gjort det du baud meg.»