22 Men då han kom ut og ikkje kunne tala med dei, skjøna dei at han hadde hatt eit syn der inne. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart mållaus.
23 Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.
24 Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg heime i fem månader.
25 «Dette har Herren gjort for meg,» sa ho. «I desse dagar har han sett til meg og teke bort vanæra mi mellom folk.»
26 Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,
27 til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria.
28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»