Lukas 7 N78NN

Offiseren i Kapernaum

1 Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum.

2 Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt.

3 Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren.

4 Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han;

5 for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.»

6 Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak;

7 difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att!

8 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»

9 Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»

10 Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.

Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain

11 Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.

12 Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.

13 Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!»

14 Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!»

15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.

16 Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

17 Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.

Jesus svarar døyparen Johannes

18 Alt dette fekk Johannes høyra om av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg

19 og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

20 Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

21 Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og mange blinde gav han synet.

22 Og han svara: «Gå og fortel Johannes om det de har sett og høyrt: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp og evangeliet vert forkynt for fattige;

23 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg.»

Jesus vitnar om Johannes

24 Då bodberarane frå Johannes var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden?

25 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann kledd i fine klede? Dei som er fint kledde og lever i overflod, held til i kongsgardane.

26 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet.

27 Det er om han dette er skrive:Sjå, eg sender min bodberarføre deg,han skal rydja vegen for deg.

28 Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men jamvel den minste i Guds rike er større enn han.

29 Alt folket lydde på Johannes, tollarane med, og dei gav Gud rett og lét seg døypa av Johannes.

30 Men farisearane og dei lovkunnige vraka Guds plan og lét seg ikkje døypa av han.

31 Menneska i denne ætta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like?

32 Dei er like born som sit på torget og ropar til kvarandre:Vi bles på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song syrgjesongar,men de ville ikkje gråta.

33 For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: «Han er forgjord.»

34 Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: «Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar!

35 Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle hans læresveinar.»

Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne

36 Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords.

37 No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve

38 og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven.

39 Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

40 Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister,» svara han.

41 Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti.

42 Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?»

43 «Den han ettergav mest, tenkjer eg,» svara Simon. «Du har rett,» sa Jesus.

44 Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt.

45 Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn.

46 Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve.

47 Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som lite får tilgjeve, elskar lite.»

48 Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.»

49 Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som jamvel tilgjev synder?»

50 Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå med fred!»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24