Lukas 4 N78NN

Jesus vert freista

1 Fylt av Den Heilage Ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han ikring i øydemarka,

2 der han vart freista av djevelen i førti dagar. I denne tida åt han ingenting, og då dei førti dagane var til ende, var han svolten.

3 Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal verta til brød.»

4 Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»

5 Då førte djevelen han høgt opp og synte han alle heimsens rike i ein augneblink

6 og sa: «Eg vil gje deg makt over alt dette og la deg få all denne herlegdomen. For det er lagt i mi hand, og eg gjev det til kven eg vil.

7 Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»

8 Då svara Jesus: «Det står skrive:Herren din Gud skal du tilbe,han og ingen annan ¬skal du tena.»

9 Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå.

10 For det står skrive:Han skal gje englane sine påbod ¬om degat dei skal verna deg.

11 Og:Dei skal bera deg på hendene,så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.»

12 Men Jesus svara: «Det er sagt:Du skal ikkje setja Herren ¬din Gud på prøve.»

13 Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid.

Jesus vert avvist i Nasaret

14 Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring.

15 Han lærte folket i synagogene, og alle tala vel om han.

16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta,

17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18 Herrens Ande er over meg,for han har salva meg ¬til å forkynnaein gledebodskap for fattige.Han har sendt meg for å ropa utat fangar skal få fridom,og at blinde skal få sjå,for å løysa dei trælka or tvang

19 og ropa ut eit nådeår ¬frå Herren.

20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han.

21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!»

24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.

26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.

27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.»

28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette.

29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor.

30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.

Ein dag i Kapernaum

31 Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea, og der lærte han folket på sabbaten.

32 Dei var tekne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.

33 I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd. Han sette i og ropa:

34 «Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!»

35 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still, og far ut or han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt imellom dei og fór ut or han, men skadde han ikkje.

36 Då kom det otte over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»

37 Og gjetordet om han fór over alle bygdene der ikring.

38 Frå synagoga gjekk Jesus heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.

39 Han gjekk bort til henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.

40 Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei.

41 Mange fór det vonde ånder ut or, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.

42 Då det vart morgon dagen etter, drog han ut or byen og fór til ein øydestad. Folket leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.

43 Men han sa: «Eg lyt bera fram den glade bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.»

44 Og han heldt ved og tala ordet i synagogene i Jødeland.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24