Lukas 19 N78NN

Sakkeus

1 Så kom Jesus til Jeriko og fór gjennom byen.

2 Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik.

3 Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten på vokster.

4 Då sprang han i førevegen og kleiv opp i eit morbærtre, så han kunne få sjå han, for der laut han koma framom.

5 Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus.»

6 Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.

7 Alle som såg det, murra og sa: «Han tek inn hjå ein syndig mann.»

8 Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, helvta av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg firdobbelt att.»

9 Då sa Jesus: «I dag er frelse komen til dette huset. For han òg er ein Abrahams son,

10 og Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»

Likninga om punda

11 Medan dei høyrde på dette, fortalde Jesus endå ei likning; for han var nær Jerusalem, og mange meinte at Guds rike snart skulle koma til syne.

12 Han sa:Det var ein gong ein høgætta mann som ville fara til eit land langt borte; der skulle han verta innsett til konge og så koma heim att.

13 Han kalla til seg ti av tenarane sine og gav kvar av dei eitt pund og sa til dei: «Driv handel med desse pengane til eg kjem att.»

14 Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: «Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.»

15 Då han no kom att og hadde vorte konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent.

16 Den fyrste kom fram og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.»

17 «Det var rett, du gode tenar,» sa kongen. «Fordi du har vore tru i lite, skal du få styra ti byar.»

18 Den andre kom og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.»

19 Til han sa kongen: «Du skal få styra fem byar.»

20 Men så kom det ein og sa: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i ein klut.

21 Eg var redd deg, for du er ein streng mann, som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sått.»

22 Då sa kongen: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sått.

23 Kvifor gav du ikkje pengane til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?»

24 Så sa han til dei som stod der: «Ta pundet frå han og gjev det til han som har dei ti!»

25 «Herre, han har då ti pund,» sa dei.

26 «Ja, men eg seier dykk: Den som har, han skal få, og den som ikkje har, han skal missa jamvel det han har.

27 Men desse fiendane mine, som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, dei skal de føra hit og hogga ned for augo mine.»

Jesus kjem til Jerusalem

Jesus rid inn i Jerusalem

28 Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på ferda opp mot Jerusalem.

29 Som han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg

30 og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og leia hit!

31 Og er det nokon som spør: Kvifor løyser de folen? då skal de svara: Herren har bruk for han.»

32 Dei to gjekk av stad, og fann det så som han hadde sagt.

33 Då dei løyste folen, spurde dei som åtte han: «Kvifor løyser de folen?»

34 Dei svara: «Herren har bruk for han.»

35 Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå.

36 Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen.

37 Då han kom bort imot den staden der det ber ned frå Oljeberget, tok heile læresveinflokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:

38 «Velsigna i Herrens namnvere kongen, han som kjem!Fred i himmelenog ære i det høgste!»

39 Nokre farisearar som var med i folkemengda, sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rettes!»

40 Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»

Jesus græt over Jerusalem

41 Då Jesus kom nærare og såg byen, gret han over han

42 og sa: «Hadde du berre visst, du òg, på denne dagen kva som tener til din fred! Men no er det dult for augo dine.

43 Det skal koma dagar då fiendane dine kastar opp ein voll rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.

44 Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna di gjestings tid.»

Mitt hus skal vera eit bønehus

45 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som dreiv handel der.

46 Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.»

47 Sidan var han kvar dag i templet og lærte. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket hadde hug til å rydja han or vegen.

48 Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle bera seg åt, for alt folket heldt seg nær til han og høyrde på han.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24