Lukas 2 N78NN

Jesus vert fødd

1 I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.

2 Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.

3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

4 Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt,

5 og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn.

6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,

7 og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.

8 Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta.

9 Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde.

10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket.

11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.

12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

14 «Ære vere Gud i det høgste,og fred på jordablant menneske ¬som Gud har hugnad i!»

15 Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.»

16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.

17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.

18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde.

19 Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det.

20 Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.

21 Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.

Simeon og Anna i templet

22 Då reinsingstida som Moselova føreskriv, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.

23 For det står skrive i Herrens lov: Alt fyrstefødt av hankjønn skal helgast til Herren.

24 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.

25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han,

26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva.

27 No kom han opp til templet; det var Anden som dreiv han. Og då foreldra kom med Jesus-barnet for å gjera med det som skikk og bruk var etter lova,

28 tok Simeon barnet i armane sine, lova Gud og sa:

29 Herre, no lèt du tenaren din ¬fara herifrå i fred,etter ditt ord.

30 For augo mine har sett di frelse,

31 som du har skipa til ¬for alle folks åsyn,

32 eit ljos til openberring ¬for heidninganeog til ære for Israel, folket ditt.

33 Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.

34 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt.

35 Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd.»

36 Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år,

37 og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.

38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem.

39 Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.

40 Og guten voks og vart sterk; han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.

Jesus som tolvåring i templet

41 Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske.

42 Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.

43 Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart Jesus-barnet verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det.

44 Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og fór ei dagsreis fram og leita etter han mellom skyldfolk og kjenningar.

45 Som dei no ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der.

46 Tre dagar etter fann dei han i templet. Der sat han midt imellom lærarane og lydde på dei og spurde dei.

47 Og alle som høyrde på han, undra seg over kor vitug han var og kor godt han svara.

48 Då foreldra fekk sjå han, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sa: «Korleis kunne du gjera dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»

49 Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?»

50 Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

51 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.

52 Og Jesus gjekk fram i alder og visdom, og var til hugnad for Gud og menneske.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24