Lukas 10 N78NN

Jesus sender ut dei sytti

1 Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.

2 Og han sa til dei:Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.

3 Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.

4 Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk.

5 Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: «Fred vere med denne heimen!»

6 Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve.

7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus!

8 Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!

9 Læk dei sjuke som er der, og sei: «Guds rike er kome nær til dykk.»

10 Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:

11 «Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!»

12 Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.

13 Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.

14 Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.

15 Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned!

16 Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.

17 Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»

18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.

19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.

20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»

Faderen og Sonen

21 I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje.

22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»

23 Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser!

24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»

Den miskunnsame samaritanen

25 Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

26 «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?»

27 Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»

28 Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»

29 Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

30 Jesus tok opp spørsmålet og sa:Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.

31 No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom.

32 Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom.

33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han.

34 Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han.

35 Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»

36 Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane?

37 «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.»

Jesus hjå Marta og Maria

38 Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok imot han i heimen sin.

39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.

40 Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»

41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.

42 Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24