Lukas 24 N78NN

Jesus står opp

1 Fyrste dagen i veka, tidleg i otta, kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde laga til.

2 Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå grava;

3 dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus.

4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men brått stod det to menn hjå dei i skinande klede.

5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?

6 Han er ikkje her, han er oppstaden. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:

7 Menneskesonen skal gjevast i hendene på syndige menneske og krossfestast, og tredje dagen skal han stå opp att.»

8 Då kom dei i hug orda hans.

9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

10 Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane.

11 Men dei tenkte det var laust snakk og trudde dei ikkje.

12 Peter stod likevel opp og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han attende til huset der han budde, og han undra seg over det som hadde hendt.

På vegen til Emmaus

13 Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem,

14 og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt.

15 Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei.

16 Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att.

17 «Kva er det de går og talar om med einannan?» spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han,

18 og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.»

19 «Kva då?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.

20 Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han.

21 Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende.

22 Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava,

23 men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.

24 Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje.»

25 Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt!

26 Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»

27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane.

28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger.

29 Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei.

30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.

31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei.

32 Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?»

33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,

34 og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.»

35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

Jesus syner seg for læresveinane

36 Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

37 Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg.

38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk?

39 Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»

40 Så synte han dei hendene og føtene sine.

41 Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?»

42 Dei gav han eit stykke steikt fisk,

43 og han tok det og åt medan dei såg på.

Oppgåve og avskil

44 Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var i lag med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som er skrive om meg i Moselova, hjå profetane og i Salmane.»

45 Så opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene,

46 og sa til dei: «Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,

47 og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem.

48 De er vitne om dette.

49 Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.»

50 Så tok han dei med seg ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei.

51 Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen.

52 Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei attende til Jerusalem i stor glede.

53 Sidan var dei allstøtt i templet og lova og prisa Gud.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24