Lukas 11 N78NN

Jesus lærer læresveinane å be

1 Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig med bøna, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, så som Johannes lærte sine læresveinar.»

2 Han svara: «Når de bed, skal de seia:Fader vår, du som er i himmelen!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen.

3 Gjev oss kvar dag ¬vårt daglege brød.

4 Tilgjev oss våre synder,for vi òg tilgjev kvar den ¬som har synda mot oss.Og før oss ikkje ut i freisting,men frels oss frå det vonde.»

5 Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: Kjære, lån meg tre brød,

6 for ein ven som er på ferd, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.

7 Trur de at han der inne då vil svara: Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.

8 Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det fordi det er venen hans, så står han då opp og lèt han få alt han treng fordi han er så pågåande.

9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.

10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.

11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk,

12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg?

13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Jesu makt over vonde ånder

14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg.

15 Men nokre av dei sa: «Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.»

16 Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen.

17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell.

18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene.

19 Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk.

20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.

21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred.

22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han.

23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

24 Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.»

25 Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga.

26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no.

27 Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.»

28 Men Jesus svara: «Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»

Ei vond ætt krev teikn

29 Som no folket flokka seg om han, tok han atter til ords:Denne ætta er ei vond ætt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

30 For liksom Jona vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta.

31 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med mennene i denne ætta og føra klagemål mot dei. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

32 Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona bar fram bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

Ljoset og auga

33 Ingen kveikjer eit ljos og set det i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set det i staken, så dei som kjem inn, kan sjå skinet frå det.

34 Auga gjev lekamen ljos. Når auga ditt er friskt, er heile lekamen din ljos. Men er auga sjukt, er lekamen din òg mørk.

35 Sjå då til at ljoset i deg ikkje er mørker!

36 Er no heile lekamen din ljos, og ingen del av han mørk, då vert alt ljost, som når ei lysande lampe skin på deg.

Mot dei skriftlærde og farisearane

37 Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta hjå han. Og Jesus gjekk inn og sette seg til bords.

38 Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje duppa hendene i vatn før måltidet.

39 Men Herren sa til han:«Ja, de farisearar, de gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er de fulle av havesykje og vondskap.

40 Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendes, har ikkje han skapt det som er innvendes òg?

41 Gjev heller dei fattige det som inni er, og sjå, då vert alt reint for dykk.

42 Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, kryddeplanter og alle slag grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Dette skulle gjerast, og det andre ikkje latast ugjort.

43 Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogene og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.

44 Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og veit ikkje av det.»

45 Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»

46 Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De legg tunge bører på folk, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.

47 Ve dykk! De byggjer gravmæle over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.

48 Så er de vitne som går god for det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravmæle.

49 Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfylgja.

50 Difor skal denne ætta få svara for alt profetblodet som har runne frå verda vart grunnlagd,

51 frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som lét livet mellom altaret og templet. Ja, seier eg dykk, denne ætta skal svara for det.

52 Ve dykk lovkunnige! De har teke kunnskapsnykelen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, hindra de.»

53 Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane fælande harme og trengde seg inn på han med mange slag spørsmål.

54 Dei lurte på han og prøvde å få han til å seia eitkvart som dei kunne klaga han for.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24