Lukas 16 N78NN

Den kloke hushaldaren

1 Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte.

2 Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.»

3 Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga.

4 Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.»

5 Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»

6 «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.»

7 Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.

8 Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born.

9 Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

10 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.

11 Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen?

12 Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?

13 Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Lova og Guds rike

14 Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.

15 Då sa han til dei:De vil ha folk til å tru at de er rettferdige, men Gud kjenner hjarto dykkar. Det som er stort mellom menneske, er ein styggedom for Gud.

16 Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt.

17 Før skal himmel og jord forgå før ein einaste prikk i lova fell bort.

18 Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet.

Den rike mannen og Lasarus

19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag.

20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår.

21 Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.

22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.

23 Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans.

24 Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.»

25 Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt.

26 Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.»

27 Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.

28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.»

29 Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.»

30 «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.»

31 Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24