Lukas 22 N78NN

Jesu liding og død

Samansverjing mot Jesus

1 No leid det til usyrdebrødshelga, som dei òg kallar påske.

2 Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å rydja Jesus or vegen, for dei var redde folket.

3 Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og var ein av dei tolv.

4 Han gjekk av stad og tala med overprestane og hovdingane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus i deira hand.

5 Dei vart glade og lova å gje han pengar.

6 Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus ein gong han ikkje hadde folket ikring seg.

Påskemåltidet vert førebutt

7 Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast.

8 Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.»

9 «Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei.

10 Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i,

11 og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?

12 Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.»

13 Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.

Nattverden

14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han.

15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida.

16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.»

17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.

18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»

19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»

20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.

21 Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg.

22 Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!»

23 Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

Avskilsord til dei tolv

24 No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største.

25 Då sa Jesus til dei: «Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar.

26 Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren.

27 For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk.

28 De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine.

29 Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg:

30 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene.

31 Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.

32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.»

33 «Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.»

34 Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

35 Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei.

36 «Men no,» sa han, «må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit.

37 For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.»

38 Då sa dei: «Herre, sjå her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.

I Getsemane

39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han.

40 Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»

41 Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:

42 «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

43 Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han.

44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda.

45 Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg.

46 «Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

Jesus vert teken til fange

47 Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han kom bort til Jesus og ville kyssa han.

48 Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss?»

49 Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi slå til med sverd?»

50 Og ein av dei hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde av han høgre øyra.

51 Men Jesus sa: «Lat vera med det!» Og han tok bort på øyra åt tenaren og lækte han.

52 Så sa han til overprestane og hovdingane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.

53 Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår.»

Peter fornektar Jesus

54 Då tok dei han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter fylgde etter eit langt stykke unna.

55 Midt inne på gardsplassen hadde dei gjort opp ein eld, og Peter slo seg ned mellom dei som sat der.

56 Medan han sat der i ljoset, fekk ei tenestjente sjå han; ho stirte på han og sa: «Han der var òg med han.»

57 Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»

58 Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg ikkje,» svara Peter.

59 Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Jau visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»

60 Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, mann!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.

61 Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.»

62 Og han gjekk ut og gret sårt.

Jesus for Det høge rådet

63 Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.

64 Dei batt for augo hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»

65 Og dei håna han på mange andre måtar òg.

66 Då det vart dag, kom eldsterådet åt folket saman til møte med overprestane og dei skriftlærde. Jesus vart ført fram for dei,

67 og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier dykk det, trur de meg ikkje,

68 og om eg spør, svarar de ikkje.

69 Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handa åt den mektige Gud.»

70 Då spurde dei alle: «Så er du då Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»

71 Då sa dei: «Kva skal vi no med vitnemål? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24