4 så du kan sjå kor påliteleg det er, det du er opplært i.
5 I den tida då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Sakarja; han høyrde til det prestelaget som hadde namn etter Abia. Kona hans heitte Elisabet og var av Arons-ætta.
6 Begge levde etter Guds vilje. Dei fylgde alle Herrens bod og føresegner, og ingen hadde noko å seia på dei.
7 Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt uti åra.
8 Så var det ein dag Sakarja gjorde presteteneste for Gud, for turen var komen til hans lag.
9 Då dei kasta lodd, som prestane til vanleg gjorde, fall det på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.
10 Heile folkemengda stod utanfor og bad medan offeret vart bore fram.