1 Imedan hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg fyrst til læresveinane:Ta dykk i vare for surdeigen åt farisearane, hyklarskapen!
2 Ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.
3 Difor skal det de talar i mørkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut frå hustaka.
4 Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel lekamen, men sidan ikkje kan gjera meir.
5 Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som fyrst kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast!
6 Sel dei ikkje fem sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud.
7 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.