2 Ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.
3 Difor skal det de talar i mørkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut frå hustaka.
4 Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel lekamen, men sidan ikkje kan gjera meir.
5 Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som fyrst kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast!
6 Sel dei ikkje fem sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud.
7 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.