21 Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.
22 Difor seier eg dykk, sa han til læresveinane:Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
23 Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda.
24 Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har korkje matbu eller løe, men Gud føder dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!
25 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei alen til si livslengd?
26 Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor syter de då for alt det andre?
27 Sjå på liljene! Dei spinn ikkje og vev ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.