28 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!
29 Ver ikkje ottefulle, og tenk ikkje berre på kva de skal eta og kva de skal drikka.
30 For det er noko alle folk på jorda spør etter. Men Far dykkar veit at de treng dette.
31 Søk heller hans rike, så skal de få dette attåt.
32 Ottast ikkje, du vesle flokk! Det er Far dykkars vilje å gje dykk riket.
33 Sel det de eig, og gjev pengane til dei fattige. Få dykk pungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til, og mòl ikkje øyder.
34 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.