34 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.
35 Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!
36 Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på.
37 Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Sanneleg, det seier eg dykk: Han skal spenna beltet om livet og føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.
38 Anten han kjem i den andre nattevakta eller i den tredje: Sæle er dei når han finn det så.
39 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.
40 Så ver budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.