46 då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned og la han få same lagnad som dei vantruande.
47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, han skal få mange slag.
48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre.Den som mykje har fått, av han vert det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast di meir.
49 Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata!
50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!
51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg dykk, ikkje fred, men strid.
52 Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: Tre mot to og to mot tre;