18 Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.
19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.»
20 Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.
21 Då sa sonen: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.»
22 Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.
23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade.
24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.