23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade.
24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.
25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans.
26 Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda.
27 «Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.»
28 Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.
29 Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.