5 Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:
6 «Det kjem ein dag då det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»
8 Han svara:Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei!
9 Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skræma! For fyrst må dette henda; men enden kjem ikkje straks.
10 Og han heldt fram: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike;
11 det skal koma store jordskjelv, og mange stader hungersnaud og pest, og det skal henda fælslege ting og syna seg store teikn frå himmelen.