12 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.
13 Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket
14 og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han eggjar opp folket. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, og eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for.
15 Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han attende til oss. Han har såleis ikkje gjort noko som han skulle lata livet for.
16 Difor vil eg la han piska, og så setja han fri.»
17 Men han laut gje dei ein fange fri til høgtida.
18 Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»