19 Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.
20 Atter tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.
21 Men dei ropa imot han: «Krossfest! Krossfest han!»
22 Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han då gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg lèt han piska, og så gjev eg han fri.»
23 Men dei gjekk hardt inn på han. Med høge rop kravde dei at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.
24 Pilatus dømde då at det skulle vera som dei kravde.
25 Han sleppte fri den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men Jesus gav han over til dei, så dei kunne gjera med han som dei ville.